Obituaries

» Vis alle     «Forrige «1 ... 4 5 6 7 8 9 10 11 12 Neste»     » Lysbildefremvisning

Nekrolog over Cornelius Bergh Bugge

Minneord fra redaktøren i Gula Tidend.


I noko av upplaget jolaftan hadde me melding um at C. B. Bugge var avliden. Ei av dei som kjende Bugge godt, bladstyrar L. Hjelle, hev skrive desse minneord:

Er idealisme og realisme noko motsett kvarandre, so er det kan henda vandt å sameina deim. Men alt ei sameining nokor tid let seg gjera, så var det hjå C. B. Bugge i hans hug og hått. Der er dei som venteleg vil segja at han var meir idealist enn noko anna. Men realismen sleppte heller aldri taket i honom. Difor ruvar livsgjerningi hans so storveges.

C. B. Bugge hadde tvo saker han huglagde: Målsak og vinstresak, og desse tvo sakene gjekk upp i vår nasjonale sak. Det er likt til at det var vinstre og vinstreideen tok tak i honom då han i ungdomen møtte livet i kring seg. Og frå tanken um nasjonalt politisk sjølvstende var det ikkje lang veg til tanken um nasjonal reising på alle umkverve. Og utløysing for det som tok til å brenna i hugen fann han i stor mun kvar han snudde seg. Til dømes i Vestmannalaget som for den ljose hugen hans måtte syna seg mest som i glorie.

Ein god dag stod han formann i Vestmannalaget, og frå den dagen var det at realismen tok taket sitt i honom. Sjølvsagt hadde han vore med i arbeidet fyrr og. Det er ikkje beint å segja kva han var mest uppglødd for. Kan henda var det «Gula Tidend», dagbladet, som blenkte mest langt framme. Iminsto var ideen um dagbladet urikkande hjå honom då det var kome so langt at ein kunde setja tanken i verk. Utan denne sterke trui hans hadde det truleg ikkje vorte noko dagblad den tidi og utan denne sterke trui hadde dagbladet visseleg vore burte alt longe.

Men målreisingsideen femnde ikkje berre dagbladet, den daglege talsmannen for ideen. Med dei ideelle krav laut det og fylgja materielle krav som laut stettast. Og her kjem me inn på den lange rekkja med spursmål som etter kvart ovra seg, og som laut få si løysing.

I store drag reiste desse spursmåli seg um norsk mål i styringsverket, norsk mål i skuleverket og norsk mål i kyrkja.

Ein kan segja at mykje var fyrebudt, og mykje uppe til fyrebuings då C. B. Bugge vart formann i Vestmannalaget, men spursmålet um verksetjing stod utan svar. Men det kom etter kvart: Dagblad på norsk mål, Gymnas med norsk upplæring, Lærarhøgskule med norsk upplæringsmål, Bibelen på norskt mål, Norsk ordbog til hjelp og studnad for godt norskt mål, Det norske teatret og norskt mål i forretningslivet (Landsbanken).

Eg hev skrive det ein gong fyrr, men skal taka det uppatt her: Striden um nynorsken var brukførd til riksmål vart avgjord med at me fekk norsk bibel, norsk altarbok og norsk salmebok. I og med desse bøkene miste motmennene det beste argumentet sitt mot nynorsken. Dei laut vedkjenna seg at me hev tvo mål i landet, eit som er bygd på det norske og eit som er innført. Med denne vedkjenningi attantil er det skil på kor det kan muna i arbeidet imot fyrr.

Eg tek meg samstundes løyve til å herma formannen i studentmållaget, stud. Filol. Harald Tveit då dette laget på årsfesten sin den 2. November 1922 gjorde C. B. Bugge til heiderslagsmann:
  «Det var då bibellaget i Studentmållaget», sagde han, «hadde fenge utveg til å få gjort det litterære arbeidet med den nye norske bibelen og berre hadde att å gå tiggargang til alle smålag og godgjerande menn etter garanti-kapital. Då vart me sparde for den gonga ved at Bugge og hans fylking garantera ein sum so stor at spursmålet vart løyst med ein gong. - - -

Studentmållaget vil med dette få sagt, til andre og til seg sjølv, at det verdsett so høgt det kan dei tvo drag, dei tvo sidor i vårt arbeid som Bugge her stend som fremste representant for: idealismen, høhmålet frå Vestmannalaget, og veteranen der, og realismen, realismen frå dei nyare samskipnader.»

Der C. B. Bugge tok til, var det alle stader urudd mark. Og alle stader spurdest det etter materielt grunnlag. Alle hadde greidt fyre seg at staten burde vera det som gjekk fyre her. Men kven kunne få hol på den muren? Og kva rådgjerder skulle ein nytta? Sumt av dette kan ein kan hende svara på i dag, anna inkje. Men kom det menn av den rette støypinga kan mangt laga seg.

L. Hjelle..

*    *    *

C. B. Bugge gjekk frå formannsromet i Vestmannalaget i 1922, same året som han vart sett til 4. borgarmeister - eit rom han hadde ei stutt tid. Det private yrket hans fall i tekstilbransjen. Som ung mann arbeidde han i forretningi hjå broren, Jens B. Bugge, som hadde klædehandel på Torget. Då broren døydde, yvertok han forretningi og dreiv henne i fleire år. Seinere vart han disponent for ein ullvarefabrikk i Sunnfjord og ein på Mysen i Austfold, og dei siste åri hev han drive meklarforretning.

Han var fødd 1865 og vart soleis nær 70 år gamal.



Eier av original/KildeGula Tidend
Dato27 des 1934
Linket tilCornelius Bergh Bugge (Død)

» Vis alle     «Forrige «1 ... 4 5 6 7 8 9 10 11 12 Neste»     » Lysbildefremvisning






Quick Links

Contact Us

Contact Us
Our Surnames
Our Stories

Webmaster Message

We make every effort to document our research. If you have something you would like to add, please contact us.