.. Merk at bokstaven ĺ er skrevet á i direkte avskrift fra avisen.

 

Studentmaalaget gjer C. B. Bugge til heiderslagsmann.

 

Studentmállaget i Oslo hadde  ársfest 2. november. Stor fagning vart det formannen stod fram og nemnde ut borgmeistar C.B.Bugge, Bergen til heiderslagsmann.

Studentmállaget hev ikkje heidra mange málmenn denne vis.  Det er berre Arne Garborg, professorane Hćgstad og Seipel, Jřrgen Lřvland og borgmeistar Hagbart Berner som til dessar hev vore kára.  Laget kárar soleis dei vaknaste og rakaste - Ei heidring frá dette laget tyder difor noko.

Formannen, stud.filol. Harald Tveit heldt ved utnemningi denne talen: Aarsfesten vár er vel for Studentmállaget det viktugaste tidspunkt i áret, ei stund me samlar oss og ser attyver og framyver.

siste styremřte gjorde styret vedtak um á nemna ut ein heiderslagsmann i kveld, borgarmeister i Bergen C.B.Bugge.  Eg hev den gleda á kunne melda at han tek imot utnemningi og reknar det for ei stor ćra.

Men ćra er ogso vár sida.  Bugge er ikkje filolog, ikkje professor og ikkje bondegut eingong. Men, til namnet  á den nye heidersmann vár er no knytt mykje av det som er vakse upp av ideelt og sterkt av málreising, i Bergen og elles Vestlandet.

Bugge er veltent formann i Vestmannalaget, vel det mállaget som hev dei eldste og finaste tradisjoner i dette landet. Kristofer Jansen var der og Henrik Krohn og ei rekkja framyver til m.a. den fine kunstmannen Edvard Alme som dřydde iár. Ei rekkja med kulturmenn som tok málsaki som eit ideal, eit hřgmál og dermed gav henne ein vyrdnad millom idealistar som hev vore til stor styrke seinare.

I dette laget hev Bugge vore formann no i 14  ár. andre sida er navnet  át borgarmeistar Bugge visst vel so godt kjend i samanheng med reint praktiske málreisingssaker, sćrleg řkonomiske tiltak.

Formannen i det gamle Vestmannalaget ság at vár nationale strid ikkje berre er teoriar og hugmál men at ein mátte for fullt álvor samle dei spreidde krafter til makt, til pengemakt bak ordi.

I mars 1910 vart Norsk Herbyrge skipa av norskdomslag i Bergen.  Eit par ár etter kom lagi frá fyrr med, - og tiltaki auka: Norsk Herbyrge, Firda og Sygna Herbyrge, Hordaheimen o fl.  Breidare grunnlag og střrre uppgávor.  Landsbanken vart skipa ved vedtak i loverne at alt skal vera norsk. "Gula Tidend" er halde uppe fullt tevlefřrt.

Dei vestlandske mállag er ein so sterk fylking, gjenom sine samtiltak at det skapar respekt og age ogso hjá folk som ikkje skjynar onnor makt enn pengemakt. Ogso her er skapt vyrdnad og styrke.

Men alt dette er ikkje framvokse nett av seg sjřlv.  Der er ein sum av initiativ og umtanke og forretnings- og forhandlingsdukleik; og so mange tráder gjeng attende til heiderslagsmannen vár.

I gár var han her i byen. Det norske teatret hadde ársmřte. Det hugsar godt at han hjelpte dei til á nytta eit godt hřve.

  50-ársdagen sin gav Vestmannalaget ut Ivar Aasen sin ordbok i 10 000 ekspl. til ein billeg pris. Det var ikkje andre til á gjera det nett . Og no kjem eg til det som gjev Studentmállaget rett til á peika eit samarbeid for sams sak, som knyter oss noko saman.

Det var bibelnemdi i studentmállaget hadde fenge utveg til á gjort det litterćre arbeidet med den nye norske bibelen og berre hadde att á tiggarveg til alle smálag og godgjerande menn etter garantikapital.  vart me sparde for den gonga ved at Bugge og hans fylking garanterte ein sum stor at spursmálet vart lřyst med ein gong.

Det er ikkje som lřn for dei pengane at Studentmállaget nemnar han ut til heiderslagsmann og heller ikkje er det berre for á syna ei taksam pátegning for arbeidet for vár sak, eit seigt og langt arbeid, eller for at han hev havt mod til á stá for den motburd som den fár som stiller seg i brodden for vár sak, ikkje minst i Bergen. Heller ikkje fann styret dei burde nemna ut ein mann fordi um dei likte han, endá vedtaket var samrřystes.

Ein mann skal sjáast i samanheng med si gjerning og bindast saman med det han er málsmann for.

Studentmállaget vil med dette sagt, til andre og til seg sjřlv, at det verdset so hřgt det kan dei to drag, dei to sidor i várt arbeid som Bugge her stár som fremste reprćsentant for: idealismen, hřgmálet frá Vestmannalaget og veteranen der og realismen mál strćvet frá  dei nyare samskipnader.

Som málsmann for desse og til samarbeid framleides for desse saker vil Studentmállaget ynskja den nye heiderslagsmannen ein heil og sćl, velkommen i laget várt.

Til dette slutta laget seg med hjarteleg fagning.